DAMPEN – Kinn bryggeri

kr 89.00

Kategorier: ,

Beskrivelse

Amerikansk dampøl, 75 cl 

Alkohol: 4,5 % 

Bitterhet: 30 IBU 

Vørterstyrke: 11,2 °P 

Temperatur: 8-12 °C 

Klassikaren innan denne ølstilen er sjølvsagt Anchor Steam Beer frå San Francisco, og Dampen er bygd over denne lesten. På same måte som originalen, er Dampen gjæra med lagergjær på høg temperatur. Dette for å få moderat fruktigheit frå gjæringa og eit godt maltpreg. Dampen har ein fin balanse mellom humle og malt, men med ein liten overvekt på humle. Vi brukar hovudsakleg tysk Northern Brewer humle i dette ølet, men blandar inn litt amerikansk Cascade på slutten av kokinga. Humlevalet gir eit øl med rein bittersmak og ein lett krydra aroma med tonar av tre, sitrus, mint og solbær. Maltblandinga til Dampen er pilsner- og karamellmalt. Dette ølet vart fyrste gong bryggja til fjordabåtfestivalen Fjordsteam i Florø i 2010, men vart raskt eit fast produkt. Det er den lokale fjordabåten Atløy som har stått modell for etiketten. Dampen er eit svært allsidig matøl til mange rettar og taklar godt både krydder og feitt. 

Malt: Pilsner malt og karamellmalt 

HumleHallertau Northern Brewer og Cascade 

Gjær: Wyeast 2278 Czech Pils